Introduksjonstekst til nyhetsbrevet
Problemer med visningen? Åpne i nettleser
 
 
 
 
 
 
 
 

KURS FOR REISELIVSNÆRINGA 
 
 

Reiselivsnæringa er inne i ei tid med store utviklingsbehov og moglegheiter. For at næringa skal utvikle seg er det viktig at ein fyller på med kompetanse for å kunne tilby attraktive produkt, få verdiskaping og vekst. Visit Fjordkysten, Måløy Vekst og Sunnfjord Utvikling har inngått eit kurssamarbeid for å tilby reiselivsnæringa eit bredt utval av kurs. I haust og vinter kjem til å tilby dei følgjande 3 kursa.

 
 
 
 
OKTOBER
22.
 
 

GODT VERTSKAP


Dato: Dag 1: 22. Oktober. Dag 2: Ein dag i januar 2020 
Stad: Thon Hotel Jølster, Skei
Pris: 1500,- Inkluderar kursavgift og måltid på dagtid.

Eit godt vertskap er avgjerande for kor vellykka ei ferieoppleving blir. Nøgde kundar fortel vener og kjende om sine gode opplevingar hjå deg. Det betyr høgare avkastning, gjenkjøp og gratis reklame. Kursholder er Märit Torkelson. Meir informasjon om kurset.

Send e-post til post@sunnfjord.no for påmelding.

 
Påmelding
 
 
 
 
 
NOVEMBER
18. - 19.
 
 

OPPLEVELSESKURSET


Dato: Dag 1 og 2: 18. - 19. november. Dag 3: 3. desember.
Stad: Quality Hotel Florø, Florø
Pris: 1500,- Inkluderar kursavgift og måltid på dagtid. 

På Opplevingskurset lærar du ein ny og inspirerande måte å arbeide med innovasjon og produktutvikling på, der også prinsippa for eit berekraftig reiseliv er ein del av utviklingsprosessane. Kurset er ypparleg for leiarar i små og mellomstore reiselivsbedrifter. Kurshaldar er Pål Medhus. Meir informasjon om kurset

Send e-post til marita@fjordkysten.no for påmelding.

 
 
Påmelding
 
 
 
 
 
FEBRUAR
4. - 5.
 
 

PAKKING, DISTRIBUSJON OG SALG

Dato: Dag 1 og 2: 4. - 5. februar. Dag 3: 10. mars 2020.
Stad: Thon Hotel Måløy, Måløy
Pris: 1500,- Inkluderar kursavgift og måltid på dagtid. 

Kurset «Pakking, distribusjon og sal” er eit kurs med målsetting å gjere deg i stand til å sette saman attraktive produktpakker, oppnå resultat i salsarbeidet og bidra til ein breiare og meir kostnadseffektiv distribusjon av ditt reiselivsprodukt. Kurset er ypparleg for leiarar i små og mellomstore reiselivsbedrifter. Kurshaldar er Børre Berglund. Meir informasjon om kurset.

Send ein e-post til sissel@maloyvekst.no for å melde deg på.

 
 
påmelding
 
 
 
 
 
 
 
følg oss
 
global fb insta in YouTube 
del
 
del
 
fb TWEET
 
fb
VISIT FJORDKYSTEN OG SUNNFJORD AS, Strandgata 30, 6905 FLORØ. 57 74 30 00
 
 
Endre dine opplysninger | Meld deg av e-postlisten
MailMojo
 
                               
Del nyhetsbrevet på Facebook
Tweet